Årsmøte Kandal UtviklingslagMåndag 01.mars er det Årsmøte for Utviklingslaget kl 20.00 i Grendahuset. Her vert vanlege årsmøtesaker, samt orientering om statusen på prosjekta vi er i gang med. Det vil også bli vurdert om vi skal fortsette med Origo-sida til Kandal, så om du har meiningar, vert vi glade for tilbakemeldingar……. "Attersyn" ny og forbetra!Etter at det viste seg at det var ein produksjonsfeil ved “Attersyn”-boka, har vi no fått trykt opp nye. Alle bøkene som er selde vert no bytta ut. Boka ligg klar for sal borte på Eurofoto frå og med Mandag 7 desember, og kostar kr 260,-. Det viser seg at det ikkje er berre “innfødde” som har interesse av denne boka, og det er ekstra kjekt. Boka har fått gode tilbakemeldingar så dette er noko heile bygda kan vere stolt av. Kandal med eiga bok !Året 1969 vart starten på ei ny tidsrekning for Kandal; bygda fekk vegutløysing, og skuleborna tok buss til Sandane etter at Kandal skule var lagt ned. Ein kandøl fekk då ideen om eit Attersyn, for å markere den nye tida. Han kjøpte inn den fyrste boka, og denne gjekk på omgang frå gard til gard. Såleis har heile bygda teke del i det som no er vorte Attersyn gjennom 40 år. Opplesing av Attersyn har vore eit fast innslag på kvar einaste juletrefest sidan, og har skildra ulike hendingar i bygda gjennom året. Kunst som kallar på smiletKandal KraftverkKandal Kraftverk kom på nett 18. mai 2009, litt forsenka etter plan. Vi har fått eit kjempefint anlegg som ligg fint i landskapet utan store synlege inngrep. Kandal på Barne-TV!Torsdag 25 juni kl 1830 vert det Barne-TV frå Kandal! Det er Taline som er med i serien “Her er eg”. Det er flytting av geiter og støylslivet på Myklandstøylen som er tema. Her må ein berre sette av kvelden….. SommarkioskenLayrdag 13 juni opnar Sommarkiosken for sesongen, og i år er det Sarah-Helen, Hege, Trine, David og Erlend som sørgar for å halde den open. Det vert ikkje faste opningsdagar, men er det fint ver, held vi ope. Her vert det muligheter for kjøp av is, brus og kaffi, i tillegg til diverse andre kioskvarer. Veg i 40 år.I år er det 40 år sidan vegen vart opna. Dette skulle vel vere ein god anledning til å feire litt ekstra….. Er det stemning for ei markering, eller skal vi la det gå forbi i stillheit? Forslag? Attersyn gjennom 40 år !I år er det 40 år sidan vi fekk veg i Kandalen, og i den forbindelse vart det skreve Attersyn for å markere at ei ny tid var komen. Dette har sidan vore fast innslag på kvar einaste juletrefest sidan. Attersyn har vore eit tilbakeblikk på kva som har skjedd gjennom året, av både små og store hendingar; dei som vart fødde, dei som gjekk bort, jubilantar, ver og vind. Attersyn gjekk på omgang frå gard til gard, så heile bygda står bak som skribentar. For nokre år sidan starta arbeidet med å få alt inn på data,og mange timar har gått med til skriving og scanning av bilete, og det er Solveig og Andreas Rygg å takke at dette er blitt gjort. Vi har no planer om å få laga eit hefte/bok av alt dette, og vi er no i gang med å hente inn prisar, og vurdere ulike alternativ. Vi satsar på å få trykt opp 100 stk, og håpar det dekker behovet. Dette er vel noko alle gardane her inne har interesse av, for ikkje å snakke om utflytte Kandøle, som ønskjer å mimre litt, eller rett og slett vil halde seg oppdatert! Eit kjempebra gåvetips til den som ellers har alt….. MB Breim seglar vidare.....Det ser ut til at vi også denne sommaren får sjå båten gå i rute på vatnet. Det er utruleg flott at familien Midtkandal fortsatt held oppe dette tilbodet, for det er ikkje tvil om at det er, takka vere deira innsats, at så mange har fått ei heilt spesiell turoppleving mellom høge fjell på Breimsvatnet. Dei gangane eg har tatt turen, har det alltid vore Ørner å sjå, så det er vel så og seie “ørnegaranti” på turen frå Kandal og inn til Førs. Oddmund set inne med mykje lokalkunnskap, og berre det å høyre om liv og lagnad i Kandal før vegen kom og ulike historier frå bygda og bygdene rundt, er verdt turen. Kandal på nett !Bygdefolket har lenge etterlyst ei heimeside for Kandalen, og no har vi endeleg fått ein mulighet til å få informere både fastbuande og besøkande. Det er opp til oss alle å bruke denne muligheten, og den får vi håpe at vi nyttar oss av. Her kan ein legge inn bilete, legge arrangemang inn i kalendaren og ta opp/diskutere ulike tema. Kandal
Følgt av 25 medlemmar.
Kandalsona skal vere ein mulighet til å informere og oppdatere seg på hendelsar i bygda vår, både for fastbuande og besøkande. Meir om sona Kandal er ei sone på Origo. Les meir Annonse | |||||||||||